Hopp til hovedinnhold
Senteret sitt bannerbilde

Åsane Hudlegeklinikk

VELKOMEN TIL VÅR HEIMESIDE 

 

Hudlege Erlend Tolaas har 100% driftsavtale med Helse Vest.

Pasientar må vere henvist frå lege. 

Det er kort ventetid ved mistanke om alvorleg hudsjukdom, hudkreft, eller unormale føflekkar

NB ! Du treng p.g.a. regelverk ny, oppdatert henvisning dersom det er lenge sidan siste konsultasjon her, eller ved ny  problemstilling

Henvisningar som gjeld meir kosmetiske hudproblem blir avvist

 

KONTAKTINFORMASJON:

Du kan sende SMS på denne sida 

Eller Du kan ringe 55 19 97 50 som er open mandag-fredag 10.30-11.30

 



Aktuelt

Vi utfører

3. august 2026

Vurdering av føflekkar

Fotodynamisk behandling (PDT) av forstadier til hudkreft (solare keratoser)

Nitrogenfrysing av  forstadier til  hudkreft (solare keratoser) og andre hudforandringer

Kirurgisk fjerning av unormale føflekkar og hudkreft. Ved behov henvisning til plastikkirurg

Utredning av eksem med epikutantest (lappetest) 

UV-lysbehandling av eksem og psoriasis

NB! Vi utfører ikkje behandlingar av meir kosmetisk natur. 

NB! Vi behandler ikkje kroniske legg- og fotsår. 

Betaling

3. august 2026

Du betaler i betalingsautomat med kort eller du får giro (fakturagebyr kr. 59,-)

Eigenandel for konsultasjon hos lege er kr. 443,-. Lysbehandling kostar kr. 64,- per behandling. For pasientar med frikort, pasientar under 16 år, og for militære er konsultasjon og lysbehandling gratis. Utgifter til materiell og utstyr kjem i tillegg etter kostnad

NB! Tildelt time må avbestillast seinast 24 timar før.  Ved for sein avbestilling, eller viss Du ikkje møter til timen,  er det eit gebyr på kr. 474,-  (i samsvar med Normaltariffen for avtalespesialister)

 

AVBESTILLING AV TIME

30. november 2025

Tildelt time må avbestillast seinast 24 timar før elles er det eit gebyr på kr 474. Dette gebyret må også betalast om Du ikkje møter til avtalt time.